Liv Osnes Dalbakken frå Ulsteinvik gjekk rett til topps i avisa Vårt Land sin kronikkonkurranse for kvinner, "Hev stemmen". Prisen vart utdelt under Kyrkjemøtet i Trondheim i dag, torsdag. Liv Osnes Dalbakken arbeider til dagleg som lektor ved Ulstein vidaregåande skule, innan fagkretsen norsk og religion.

- Dette var både overraskande og gledeleg, sa Dalbakken då ho fekk prisen. Prisoverrekkinga vart elles direktesendt på NRK P2 i samband med kanalen si dekning av Kyrkjemøtet.

I alt 70 bidrag deltok i konkurransen som er meint å inspirere fleire kvinner til å ta del i samfunnsdebatten.

Liv Osnes Dalbakken sinn vinnartekst "Kunsten å tro" kan du lese her