I dag har Ulsteinvik skulekorps arrangert rekrutteringsdag. Også ifjor vår vart det arrangert ein slik dag, noko som førte til rekordmange aspirantar til hausten 2017.

Andreklassingane frå Ulstein skule og Ulsteinvik barneskule var ein liten time på Reiten. Der fekk dei høyre eit stykke av nokre musikantar frå skulekorpset før dei vart delte opp i grupper der dei fekk høyre litt meir om dei ulike instrumenta og drill. I gruppene fekk dei også prøvd dei ulike instrumenta.

Rekruttering er ei utfordring for alle korps, men med dette tiltaket ser det ut til at Ulsteinvik skulekorps har funne ein metode som treff borna på ret måte og rett tid. Søknadsfristen for å søkje kulturskulen er 30. april. Dei som melder seg opp som aspirant slepp å betale leige for instrumentet.

Ulsteinvik skulekorps tel nesten 70 musikantar, innkludert aspirantar til korps og drill. Dei er ein akti vaktør i lokalmiljøet. I tillegg til å få fremst i toget 17. mai, er dei med i regionale konkurransar og nasjonale treff.