– Det er mykje spanande som skjer i Ilula, Tanzania framover. Det er mellom anna vedteke å byggje ein folkehøgskule der, fortel ein engasjert elevkomite, beståande av Ina, Arin og Silje.

Folkehøgskulen har samarbeidd med «Mor Ilula», Berit Skåra i fleire år. Dei har bidrege til meir informasjon om sjukdomar som HIV og AIDS, teknologi og IT, samt betra livskvaliteten til unge kvinner med barn

– Å få barn utanfor ekteskapet, vert sett på som ei stor skam. Du blir kasta ut av skulen og du kan miste kontakt med familien di, informerer Ina.

Folkehøgskulen hjelper desse unge mødrene å kome seg opp og fram igjen, og no treng dei sponsorar til vidare arbeid i Afrika.

Heimebane gir

Elevane kan fortelje at givargleda i Ulsteinvik er stor. Men det er spesielt ein givar dei vil trekkje fram.

– «Heimebane»-produksjonen ordna det slik at om vi elevane stilte som statistar, fekk vi eit godt beløp som vi kunne spytte inn i arbeidet vårt. Det var ikkje berre kjekt gjort av dei, det var samstundes skikkeleg spanande å få vere med som skodespelarar, smiler Arin.

Har lite, men mykje

Korleis er det som norsk ungdom å reise til eit anna kontinent?

– Det er fantastisk å sjå kor takksame ungdomen i Tanzania er. Dei har så lite, men treng ikkje meir for å vere lykkelege. Vi i Norge har alt, og framleis er det mange som slit. Det kan vere til ettertanke for mange, seier Silje.

Super Søndag

Sjølv om ein skal kunne verte motivert berre av tanken på å bidra til noko som er til nytte for andre, skader det ikkje med litt ekstra for å engasjere enda meir.

– Det er gøy om du kler deg ut og lagar mykje liv i gatene. Vi skal premiere alt frå barn og vaksne med flest rundar, den med best kostyme og mykje anna artig, legg komiteen til.

Søndag 22. april vert ein fullstappa supersøndag med gudsteneste, kyrkjekaffi og tilstelling i parken utanfor rådhuset. Komiteen avsluttar med å garantere god stemning og at dette er ein koseleg dag for heile familien å vere med på.