Sidan januar 2013 har Krukkehuset i Kyrkjegate i Ulsteinvik halde stengt. Mange innbyggjarar har nok sakna Krukkehuset og miljøet der med butikk og kafé. No er det igjen aktivitet i Krukkehuset, men dei som vil inn dørene må nok vente til desember.

Evy Bolseth Gjørsvik er frå Spjelkavik, men bur på Valderøya. Ein del av lesarane våre har nok sett kunsten hennar. Ho har hatt utstillingar både på Krukkehuset, Bizarre og E&E i Fosnavåg.

Gjørsvik var innehavar av galleriet «Kunstkjelleren» I Ålesund, som diverre vart nedlagt på grunn av riving av huset.

Leiger i første omgang

Kunstnaren har inngått ein leigeavtale med Aina Moldskred Krakset, som eig huset, for to år. Det vart gjort for at ho vil sjå kor godt ho trivst der og korleis Krukkehuset i «ny drakt» eventuelt blir teke i mot.

– Desse to åra vil me prøvesmake på Ulsteinvik, seier Gjørsvik som ikkje er framand for tanken om å kjøpe huset etter prøveperioden er over.

Vil ikkje herme etter Aina

På spørsmål om korleis det har blitt aktuelt for kunstnaren på Valderøya å ta over eit hus i Ulsteinvik, svarer Gjørsvik at ho er veninne med Aina Moldskred Krakset.

– Dette er hjartebarnet til Aina. I mai fekk eg og mannen min ein førespurnad om me ville leige huset i to år, forklarer Gjørsvik som har budd nesten heile sitt vaksne liv i Volda. Der har ho barn og barnebarn. Om ho flyttar til Ulsteinvik kjem ho nærare dei.

I sommar var ho og mannen i Krukkehuset og pussa opp huset. Krukkehuset vil no stå fram i ny drakt.

– Det blir ikkje desse sterke fargane. Aina hadde fått der veldig fint, men eg vil ikkje herme etter henne. Dette blir mitt uttrykk, forklarer den nye drivaren.

Krukkehuset i juledrakt

Den første helga i desember planlegg Evy Bolseth Gjørsvik å opne «Krukkehuset i juledrakt» for publikum, der alle er hjarteleg velkomen.

Der vil ho også få med seg ein biletkunstnar og ein keramikar.

Før den tid blir ikkje Krukkehuset ope for publikum.