Fredag 29. august slepper brødre-duoen frå Kontrollert Kaos, Roy-André og Bjørn-Tore Øvrelid, også kjende som høvesvis ZigZag-Zvor og Birdie/BT100 debut-albumet «Piratmat». Duoen går under navnet KK-Piratane. Singlane «Uslipte Diamanta» og albumets tittelspor «Piratmat» er allereie ute i nettbutikkane.

Tittelsporet

Tittelsporet på plata, «Piratmat» illustrerer grovt sett typiske karaktertrekk ved Kontrollert Kaos-Piratane.

- Det handlar om kva som er viktig for oss og kva som ofte vert prioritert foran andre ting, nemlig musikken. Det betyr ikkje nødvendigvis at det berre er ein god ting, seier dei to.

Dei skildrar debutalbumet som eit kjøleskap:

– I eit kjøleskap finn ein som regel ikkje berre brunost, berre leverpostei, eller berre makrell i tomat. Vanlegvis finn ein noko for ein kvar smak, så for å vere litt meir konkrete viser vi med denne utgjevinga breidde både når det gjeld bodskap og produksjon, seier dei.

Heimelaga

Frå opptak og produksjon til miks og ferdig master, frå foto til logo- og cover-design, «Piratmat» ein ekte heimelaga «Piratproduksjon».

På plata finn du óg bidrag frå kollegaene i Kontrollert Kaos: Andy, T-To-Tusen og Smog.

Andre musikalske krydderdryss skriv seg frå Ingrid Karoline Smoge, Frank «DiscoFrank» Hansen og Sindre Hansen. To sistnevnte er korkje ein duo eller i slekt, for dei som vart freista til å tenke det.

Albumet slepp dei på eige plate- og produksjonsselskap, EnPiratproduksjon.

Den som vil vite meir om prosjektet kan finne dette gjennom KK-Piratane si heimeside eller facebookside.