Onsdag 3. september skal levekårsutvalet i Ulstein kommune ha møte.

Kommunalsjefen rår dei til å dele ut pengar til to festivalar i Ulstein kommune: Smak av Ulstein og Go With the Flø.

Tilrådinga er at førstnemnde festival får 25 000 kroner medan festivalen på Flø får 30 000 kroner i støtte.

Levekårutvalet handsama sak om tilskot til festivalar då dei var samla til møte i mai, men då var det ikkje kome inn søknad frå Smak av Ulstein og Go With The Flø, så utvalet betalte heller ikkje ut pengar til dei festivalane. Dei sparte 55 000 kroner til føremålet.

No har søknaden frå arrangørane av Go With the Flø kome. Ulstein kommune har ikkje sendt inn søknad, den foreslåtte støtta er i samsvar med tidlegare løyvingar.