22. september har det populære programmet Farmen premiere på TV2

Mellom dei 14 deltakarane som skal tevle i kampen om tilveret finn vi Olav Harald Ulstein (51). Ulstein bur i Sykkylven, men kjem opphaveleg frå Ulstein.

Han titulerer seg elles som kunstnar, varaordførar for FrP og salssjef.

- Eg tenke eg kunne gjere noko eg har lyst til for ein gongs skuld, og gjennomføre det, svarer Harald Olav Ulstein når TV2.no spør kvifor han meldte seg på.

Han tykkjer spelet med å bygge og bryte alliansar er fascinerande.

- Eg vert kanskje opplevd som ein person som tek mykje plass, men det er slik eg er, seier Ulstein som fortel at han siktar se ginn mot rolla som storbonde, ei rolla han trur han kjem til å nyte.

- Eg er den sprøaste typen som er med på Farmen i år, svarer Olav Harald Ulstein på spørsmålet om kvifot nett han kjem til å vinne dennen sosongen av Farmen.