Midt på dag fredag er det eit framsyning på Sjøborg kulturhus i samband med Den kulturelle Spaserstokk. Tideverv tek publikum med på ei lita reise frå 1920-30-åra og framover mot dagen i dag.

Når me ser tilbake på liva våre, er det som å hoppe frå stein til stein over ei elv. Personlege hendingar i familiane våre, men også hendingar ute i verda gir kvar stein i elva sin eigen form og farge. Gjennom song, musikk, dikt og historier reflekterer Teatret Vårt litt over kor fort tida går og over kor langt og kort livet vårt er.

Arrangementet er gratis.

Her kan du sjå ein filmsnutt av kva du har i vente