Ulstein mållag samarbeidde med Ulstein bibliotek om barnebokstund på biblioteket i dag, laurdag.

Det var godt oppmøte. I overkant av førti born, og ein del vaksne, kom på biblioteket for å høyre Martine Grande lese frå boka si "Kakerlakken med den stygge frakken."

Biblioteksjef Ann-Mari Harkjerr ønskte publikum velkomen og introduserte Martine Grande. Grande syntest det var veldig kjekt at det kome så mange born. Ho er både forfattar, illustratør og animatør.

– Veit de kva ein forfattar er, spurte ho borna.

Jau, det visste dei. Forfattaren minna dei om at alle bøkene på biblioteket er skrivne av forfattarar. Ei jente visste også kva ein illustratør er, det er ein som lagar bilete.

Martine Grande las boka si, etterpå fekk borna sjå filmatiseringa av same bok. Dei såg at det var litt forskjellig.

Deretter fekk borna utdelt eit ark. Medan Grande viste fekk borna brette boka så dei fekk seg ei miniutgåve av "Kakerlakken med den stygge frakken".