Første søndagen under Hareidsstemna – 12. oktober – kan du sjå og høyre Musikklaget Melshorn med showet «With license to play» i Hareidhallen.

Vi kjenner att tittelen frå songen og filmen med (nesten) same namn frå 1989; «License to kill», med Gladys Knight som solist.

Det musikklaget har fått løyve til, er å spele tjue av dei mest kjende James  Bond-melodiane.

Dirigent Jette Degn har med seg eit forsterka Melshorn-lag, der det blant anna er medkome fleire av dei eldste musikantane i det felles  skulekorpset for Hareid og Hjørungavåg.

I storsatsinga er det også med songsolistar og dansarar. Merete Brandal Godø, Trine Teigene, Torill Oda Ringstad og Rolf Magne Tømte har fått kvar sine tre-fire-fem melodiar å framføre. Dei er også med på å kore.

Ei dansegruppe under leiing av Stine Karoline Eliassen skal danse til to av melodiane.

Og til å samle trådane er Wilhelm Støylen innhyra som konferansier.

Ein stab på over førti skal lose oss gjennom James Bond sitt fiktive liv.

Fødd i «den kalde krigen»

For James Bond er ein fiktiv person, oppfunnen av forfattaren Ian Flemming i «den kalde krigen» utover i 1950-åra. «Agent 007», som Bond også vart kalla, var spion for den britiske etterretningstenesta og vart framstilt mellom to permar første gong i 1953 – i romanen «Casino Royale». Tilsaman skreiv Flemming 14 bøker om James Bond – fram til han døydde av hjarteatakk i 1963. I tillegg til Flemming har tre andre forfattarar skrive manus, slik at det til og med «Skyfall» i 2012 har vore skrive manus til 25 James Bond-filmar.

Alt i 1954 var James Bond ein rollefigur i ein TV-serie, men først i 1962 kom den første kinofilmen; «Dr. No» med skotten Sean Connery i hovudrolla. Etter Connery har fem andre hatt hovudrolla. Mellom desse  den kjende TV-figuren Roger Moore («Helgenen»).

Fleire av songane frå James Bond-filmane har vorte store slagerar. Vi kan nemne «Goldfinger» med Shirley Bassey, «You only live twice», Paul McCartney-komposisjonen “Live and let die» – og ikkje minst den norske Aha-melodien «The living daylights», som Rolf Magne Tømte skal tolke i Morten Harket sitt fråvær.

12. oktober altså i Hareidhallen, om kvelden, kjem du lett i spionmodus.