Kontrollert Kaos spelte utover natta på Fantehuset på Hareid. Styret for Fantehuset fortel at dei har jobba lenge for å få i stand konserten.

- Vi i styret har vore her omtrent kvar dag dei siste vekene, og stelt i stand til konserten. Denne gongen var scena nede i lokalet, ikkje oppe. Grunnen til det er at alt blir meir intimt og det gjer noko med stemninga, seier styremedlem Elias Liavaag.

Bra oppmøte

Det var godt med folk som tok turen, sjølv om det var lukka lag. Over 150 personar, i alle aldersgrupper, kom til Fantehuset for å høyre rapgruppa Kontrollert Kaos spele. Folk såg ut til å kose seg med god drikke og levande musikk.

Vidare står fleire arrangement for tur, mellom anna Fantekunst under Hareidsstemna, Halloween-fest 31. oktober og stand-up i november.

Ref. Isak Wingsternes Svarstad.