- På loppemarknaden kan du jakte på skattar til minimale prisar, og handelen du gjer kan forhåpentlegvis gjere søppelberget litt mindre. Når du samstundes kan støtte born og ungdom frå vanskelege kår til skulegang og eit verdig liv, gir det meining, seier Ingfrid Grimstad i loppemarknadskomitéen.

Laurdag 18. oktober er det klart for den årlege store loppemarknaden  på Sunnmøre folkehøgskule og Grimstad fortel at salane på skulen vil bugne av lopper som møblar, krimskrams og kjøkkenting, lampar, sportsutstyr, bøker og leiker, dukar og sengklede og mykje, mykje meir.

I mange heimar ligg fullt brukbare gjenstandar stua vekk på loft og i kjellar. Kanskje kan nokon andre få glede av desse tinga?

- Klede og sko har vi dessverre ikkje kapasitet til å ta imot, og heller ikkje gamle fjernsyn. Vi vil også minne om at gjenstandane må vere brukbare og reine, seier Ingfrid Grimstad.

I tillegg til sjølve loppemarknaden kan gjestane kjøpe rømmegraut, kaker og kaffi. Det vert tombola og «Katta i sekken», og borna er ekstra heldige sidan ei gruppe elevar lagar eventyrstund med teater og musikk. Det vert to framsyningar i kjellarstova på skulen.

- Vi tek gjerne imot lopper og desse kan leverast på skulen frå tidleg morgon til seine kveld fram til kvelden før loppemarknaden fredag 17. okt. Unntaket er møblar som vi grunna plassmangel ikkje kan ta imot før tidlegast fredag ettermiddag 17. oktober, dagen før loppemarknaden, opplyser Ingfrid Grimstad.

Inntektene frå loppemarknaden går til eit prosjekt folkehøgskulen har for born og ungdom i Tanzania.