Hugo Opdal og Audun Hopland ønskjer velkomen til salsutstilling med Pushwagner i Ålesund neste helg.

Utstillinga skal vere på JACU i Ålesund.

Utstillingen ved Studio Hugo Opdal/JACU viser eit tverrsnitt av den eksentriske kunstnaren sitt verke gjennom grafiske arbeid, handkolorerte trykk og einskilde måleri. Utstillinga i Ålesund heng berre laurdag og sundag 18. og 19. oktober.

Andre gongen i Ålesund

Utstillinga i den gamle trafostasjonen i Parkgata 18 (som no har blitt kaffefabrikk), er den andre utstillinga som Studio Hugo Opdal og kaffefabrikken JACU arrangerer i fellesskap. JACU-eigarane, Anne Birte Bjørdal Hanken og Oliver Hanken, meiner samarbeidet er eit viktig tilskot til kulturlivet i Ålesund.

Ei markant røyst

74 år gamle Pushwagner, aka Terje Brofors, har vore ei markant røyst i Norsk kunstliv heilt sidan «gjennombrotsutstillinga» hans på Henie Onstad i 1981 - med serien «En dag i familien Manns liv». Han er ein av Noregs få internasjonale eksponentar for popart, og blir rekna som ein dei viktigaste kunstnarane i Noreg i nyare tid.

Episk satire over kapitalismen

Pushwagner sitt andre gjennombrot kom i 2008. Ein fornya interesse for kunsten hans, brakte han til den femte Berlin-biennalen og den 16. biennalen i Sydney. I Berlin vart eit av hovudarbeida hans "Soft City" for første gong vist for ålmenta. Dette verket vart rekna som tapt, inntil det vart funne igjen i seglbåten til hans mangeårige samarbeidspartnar, forfattaren Axel Jensen.

"Soft City" er ein episk satire over kapitalismen og livet i ein moderne metropolis skapt i London og Oslo mellom 1969 og 1976. Pushwagner seier sjølv om dette verket at: «Dersom foreldrene i «Soft City» hadde våknet av transen, ville de sluppet barna ut av lekegrinden og latt dem leve. Lekegrinden er selve gitteret».