– Eg har leie vaken nokre netter og uroa meg for om det var nokre som ville kome, fortalde Ingunn Røyset då ho innleia boklanseringa under Hareidsstemna. Røyset hadde heldigvis ingenting å uroe seg for, sidan det var svært godt oppmøte på kafeen i Kjøpmannsgata.

Medan Røyset presenterte den nye boka si, trekte ho fram to damer som har vore viktige kjelder i arbeidet med ”Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen”, Reidun Øvrelid Røyset og Betty Olsen Mjeltevik. Boka til Røyset har henta mykje frå historier frå desse kvinnene, spesielt om kvardagslivet som småjenter under krigen.

Vart flytta frå Finnmark

Betty Olsen Mjeltevik fortalde også om episoden då tyskarane flytta henne og resten av innbyggjarane frå Langfjordnes i Finnmark.

– Vi hadde venta lenge på at tyskarane skulle kome, utan at dei kom. Så kom dei heilt uventa, med små hurtiggåande båtar. Vi hadde ikkje mange minutta på å kome oss ut.

Etter å ha vorte frakta ut til eit større fartøy og samla på dekk, fekk innbyggjarane sjå heimplassen sin brent ned av dei tyske soldatane.

– Vi stod på dekk og såg vaksne menn som gret. Det hadde eg aldri sett før.

Betty kom etter kvart til Hareid, sidan ho hadde ein onkel som var gift der, og som kunne skaffe familien husrom, hjå onkelen og tanta til Reidun Øvrelid Røyset.

Med historier frå Reidun og Betty i grunnen, har Ingunn Røyset skrive historia om ei jente frå våre dagar som får oppfylt ønsket om å oppleve krigen. Kanskje var ikkje det så lurt?

Les meir om boklanseringa og Hareidsstemna i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.

Ingunn Røyset signerer "Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen".