Statsvitaren, professoren, kommentatoren, demokratiforskaren og ikkje minst den ikoniske karakteren Frank Aarebrot er årets talar under Hareidsstemna-veka sitt store høgdepunkt, stemnefesten. Aarebrot er professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, men er òg professor II i demokratiutvikling ved Örebro universitet i Sverige. I tillegg føreles han også ved universitet i Tyskland og Frankrike. Han er kanskje mest kjend i Noreg som mediekommentator og ekspert på val.

Laurdag kjem han til Hareid, noko professoren ser fram til.

– Eg gler meg veldig til laurdag og oppdraget som stemnetalar, seier Aarebrot på telefon frå kontoret sitt i Bergen.

200 år på 20 minutt

Han blei i februar ekstra godt kjend då han i løpet av 200 minutt på direktesendt TV fortalde om hovudtrekka i den 200 år lange historia frå Grunnlova som blei underskriven på Eidsvoll i 1814 til i dag. I Hareidhallen laurdag kveld gjentek han bedrifta, berre i ein forkorta versjon. På 20 minutt skal han fortelje publikumm om alt ifrå dei to grunnlovene av 17. mai og 4. november 1814, til jappetida, bankkrisa og dagens Noreg.

– Eg har valt ut delar av det føredraget eg heldt på Kvarteret i Bergen, som eg trur kan vere mest interessant for publikum på Hareid. Eg trur det skal vere noko for kvar og ein, seier Aarebrot og legg til:

– Sunnmøre var jo eit sentrum for Vestlandet sin kamp om å bli ein del av prosessen med å bygge nasjonen. Difor er det ekstra viktig at folket på Sunnmøre også får vite at for-fedrane deira var viktige i tida etter 1814. Eg kjem også til å prate om Ivar Aasen og motkulturane, og sjølvsagt at hendingane på Eidsvoll berre var eit skritt på vegen mot at Noreg skulle bli heilt sjølvstendig. Det er viktig at folket rundt om i Noreg kjenner til meir av historia vår, og set pris på det som har skjedd dei siste 200 åra.

Stemnetalaren Frank Aarebrot skal i aksjon like før matpausen under stemnefesten.