- Kulturprisen for 2014 går til ein kandidat som gjennom meir enn 40 år har vore ein sentral person i organisasjonslivet og kulturarbeidet i Hareid kommune. Levekårsutvalet har vedteke at Kulturprisen Hareidsprisen for 2014 skal gjevast til Odd Melhus, sa ordførar Anders Riise frå scena under stemnefesten laurdag.

Ein tydeleg glad og rørt prisvinnar fekk overrekt ein sjekk på 20.000 kroner, samt eit stemnekunstverk og blomar frå ordføraren. Grunna ein tøff familiesituasjon ynskte Melhus at kommunalsjef Oddbjørn Grimstad skulle lese ein takketale han hadde skrive. Det gjorde også Grimstad, og det kom fram at det har vore ei tøff tid for kulturprisvinnaren i det siste, og at han difor ikkje klarte å framføre talen sjølv.

- Kjekt å bli sett pris på

I takketalen sin sa Melhus mellom anna:

- Eg vil rette ein stor takk til den eller dei som kom med forslaget om meg som kandidat, og sist men ikkje minst til levekårsutvalet i kommunen, som har funne meg verdig denne prisen. Det er kjekt å få oppleve at ein jobb som ein etter beste emne har prøvd å utføre blir sett pris på.

Melhus takka også familien sin, medlemmane i Hjørungavåg skyttarlag og medlemmane i kora han har vore leiar i. Han fortalde også om eit viktig motto han alltid har hatt.

- Har ein tatt på seg eit leiaransvar, då må ein prøve å gjere det som denne jobben krever.

Melhus fortalde også gjennom talen at han ikkje kan love vidare engasjement i tida som kjem.

- Ein må vel snart skifte ut geværet med stav eller gåstol, las Oddbjørn Grimstad til rungande latter frå salen. Også prisvinnaren drog på smilebandet.

Krumtapp i det frivillige arbeidet

Ordførar Anders Riise meiner Odd Melhus er ein krumtapp i det frivillige arbeidet på sitt felt.

- I synleg kulturarbeid har prisvinnaren gjort ein innsats i sitt lokalmiljø gjennom sitt engasjement for det frivillige skyttarvesen. Sidan 1973, i over 40 år har prisvinnaren vore primus motor i Hjørungavåg skyttarlag, som leiar i 27 år, styremedlem i 42 år, pådrivar, arrangør, speaker og altmoglegmann.