Pippi feirar jul

Pippilotta Viktualia Rullgardina Krusemynte Efraimsdatter Langstrømpe, eller ganske enkelt Pippi, er i full gong med juleførebuingane. Men skal ho feire jula åleine?

Fru Prysselius vil ha Pippi på barneheimen i jula, men Pippi vil ikkje på noko barneheim. Ho kjenner seg slett ikkje einsam. Ho har då både Herr Nilsson, apa si, og Lille Gubben, hesten, og sanneleg har det ikkje flytta inn ein ny liten ven i veggen hennar. Dessutan kjem det sikkert nokon på besøk. Blom og Dunder-Karlsson vil nok prøve å stele litt julepengar og det er alltid morosamt å leike med politikonstablane Kling og Klang. Tommy og Annika må feire jula heime. Ein ting er sikkert: Det skjer både morosame, spennande og litt rare ting når Pippi feirar jul.

OBS! Ta med kamera. Alle barn får helse på Pippi etter framsyninga!

Tysdag 4. november er det framsyning i Fosnavåg konserthus.

Helene Bøksle

Dagen etter, onsdag 5. november, blir Sørlandets vakraste songstemme å høyre i Fosnavåg konserthus. Helene Bøksle vaks opp ein times sykkeltur frå Mandal og debuterte med plata «Elverhøy» i 2006, to år etter at den ble spelt som framsyning i Kristiansands storslagne Ravnedalen for første gong.

Ein kan godt kalle dette for eit gjennombrot, men oppfølgjaren «Morild» (2008), der ho saman med folkemusikkgruppa Baltic Crossing tolkar originalane som forma ho musikalsk, blei svært godt mottatt som ei plate med norske folketonar framført frå hjartet. Året etter kom den kritikarroste juleplata «Det hev ei rose sprunge», som no har seld over 50 000 eksemplar.

Sørlandets gullstrupe har ein også kunne sjå på NRK saman med Kringkastingsorkesteret (KORK) med 700 000 sjåarar, ho har vært med på Melodi Grand Prix (2011), levert vokal til temamusikken til videospillet Age of Conan og vore med på det populære programmet Beat for Beat på NRK.

I fjor ga Bøksle ut sitt fjerde soloalbum, «Svalbard»:

«Tekstene og innholdet her gir et bilde på den reisen jeg selv har hatt. Jeg er takknemlig for alle erfaringene på veien som har gjort meg sterkere, og valgene mine tydeligere», seier ho.

Ifølgje Helene Bøksle markerar denne plata ein ny start for ho. Fosnavåg konserthus er glade for å kunne presentere ei av Noregs vakraste stemmer i haust. Publikum kan vente seg høgdepunkt frå heile karrieren hennar.

Helene Bøksle kjem. Foto: Pressefoto