I samband med Den Store Kinodagen førstkomande laurdag (1. november), inviterer Musikklaget Ulf og Ulsteinvik Skulekorps til ein konsert tileigna musikk frå filmverda.

Denne hausten har dei to korpsa samarbeidd om å hente fram kjenningsmelodiar frå både film og tv-seriar i flotte arrangement, og vil presentere dei på kinoaktig vis. Medan musikken framførast direkte, vil utdrag frå tilhøyrande film eller tv-serie bli vist på lerret i Sjøborg sin store konsertsal. Her kan publikum sitje som i ein kinosal, og nyte både snacks, musikk og film.

Korpsa håpar at unge og gamle vil møte opp på Sjøborg på Den Store Kinodagen og støtte opp under dei to korpsa i sentrum. Korpsa vil gjere det dei kan for at det blir ei fin oppleving på kjøpet!