Kunstmålar Roy A. Dahl og gallerist og kunstsamlar Bjarne Wærdahl har samarbeidd sidan 1994. Det blir tjue år med godt samarbeidd. Wærdahl har arrangert fleire utstillingar i Ulsteinvik med bileta til Dahl, og Dahl har halde fleire målarkurs på eigedomen til Wærdahl i Portugal.

I kveld opnar det ny kunstutstilling med måleria til Dahl. Utstillinga blir på Quality Hotel Ulstein. Heile 40 bilete stiller dei ut på eitt rom.

Gallerist Wærdahl seier det ikkje er optimalt, men det var så vanskeleg å plukke ut bilete som ikkje skulle få vere med å utstillinga. Alle er så bra.

Dahl er ein meister i å fangje folk i rørsle i bileta sine. Målaren vil fangje augneblink frå kvardagen i bileta sine. Bileta blir såleis eit tidsbilete på tida me lever i.

– Det er dagleglivet som er høgtid. Det handlar om å ta vare på augneblikka, kommenterer kunstnaren.

Utstillinga er opa fredag, laurdag og sundag denne helga. Prisen på måleria er frå 8000 til 27 000 kroner. Det er både bilete av menneske og natur.