- Det er skikkeleg artig at vi har full sal på den første filmen. Det ser også ut til at Jul i Flåklypa får godt med besøk, fortel kinosjef Kristine Brungot.

Laurdag morgon var det tidlig visning og førpremiere på Karsten og Petras vidunderlige jul på Sjøborg, og mange barn hadde teke med seg foreldra sine på kino.

På same vis som i fjor kunne dei tidlege kinogåarane få med seg frukost før visninga tok til. Brungot fortel at det var dei sjølve som ordna med frukosten i fjor, men at ein i år har fått hjelp frå Ulstein Frivilligsentral.

- Det er mange baguettar som skal smørast, så det er veldig godt å få hjelp, slår Brungot fast.

Med godt besøk på dei første filmane under den store kinodagen kan Sjøborg håpe på å slå dei gode tala frå i fjor, og Brungot er spent på besøket utover laurdagen.

- Ja, ungdomen tek det gjerne litt meir på sparket, fortel ho.

Sjøborg viser sju filmar gjennom heile dagen under den store kinodagen, og i ettermiddag blir det filmmusikk med Musikklaget Ulf og Ulsteinvik skulekorps.