- Dette var heilt fenomenalt, sa ein forelder til Vikebladet Vestposten.

Trylleshowet, som var ein del av internasjonal familiedag på biblioteket, var svært populært. Over 70 tilskodarar måtte presse seg inn i rommet for å få med seg dei to karane frå Ålesund som underheldt med spanande triks og illusjonar.

- Denne dagen er ein del av prosjektet "Internasjonal myldring på biblioteket". Vi har fått prosjektmidlar frå Fylkesbiblioteket til dette, for å satse på å introdusere nykommarane i Ulstein kommune for tilbodet vårt. Det gjeld både arbeidsinnvandrarar, flyktningar og dei som har fått opphald her i kommunen. Alle familier er velkomne på desse arrangementa, fortel biblioteksjef Ann-Mari Harkjerr.

Sosial arena

Harkjerr fortel at biblioteket ynskjer å arrangere slike dagar ein gong i månaden fram til neste sommar.

- Gjennom prosjektet knyter vi til oss asylmottaket, vaksenopplæringa, ungdomsskulen og barneskulane, helsestasjonen, og ikkje minst, vi samarbeidar inn mot bulystprosjektet til Ulstein kommune, seier Harkjerr og legg til:

- Vi vil at biblioteket skal vere ein sosial arena der folk frå fleire nasjonar, med ulike kulturelle bakgrunnar, får kome saman.

Harkjerr ynsker også rette ein stor takk til Fylkesbiblioteket.

- Utan midlane vi har fått med dei hadde ikkje dette blitt ein realitet. I dag kom det mange til oss, og vi håpar folk også kjem på dei neste arrangementa våre, seier biblioteksjefen avslutningsvis.