Då utstillinga med Håvard Vikhagen opna på Flø i dag kom der så mykje folk, at før dei opna trappa opp til galleriet måtte folk stå ute å vente. Det var ikkje plass til alle inne på Moods-butikken.

Gallerist Hugo Opdal fortalde at det er eit år sidan det var bestemt at Vikhagen skulle ha utstilling igjen på Flø. Han sa at når dei no skal velje kunstnarar å ha utstilling med er det som ein godtepose. Dei har stilt ut mange godbitar. Det er ein kabal å få ein god miks med utstillingar som sel godt, som dei treng økonomisk, og utstillingar der dei får by på noko nytt. Dei var veldig glade for å få stille ut Vikhagen igjen. Og det var tydelegvis publikum også. Det kom fort raude lappar på bileta. Eit kvarter etter utstillinga opna var ti av tjuefire bilete selde. Det vil seie at det var selt for rundt ein million kroner.

I skrivande stund har dei selt 13 bilete, og har 1-2 interesserte til.

Utstillinga heng ut året.