Laurdag 24. januar skal Ulstein Folkebibliotek ha ei lita eventyrstund med tolking på arabisk og-/ eller somalisk på biblioteket. Biblioteket har fått prosjektmidlar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune ved Fylkesbiblioteket for å satse på «Internasjonal myldring på biblioteket» som prosjektet heiter.

– Alle nasjonalitetar er velkomne til  eventyrstund for dei minste og denne gongen har vi som sagt tolk, men eventyrstunda er tilrettelagt for norsktalande born også – sjølvsagt.  Vi ser på biblioteket som ein møteplass der alle, også våre nye landsmenn kan kjenne seg velkomne, seier biblioteksjef Anne-Mari Harkjerr.