Den 5. til 9. mai er det igjen klart for Fadofestival i Ulsteinvik. Festivalen feirar at han er 5. år.

Fadofestivalen har som føremål å spreie interesse og innsikt i portugisisk historie og kultur, gjennom musikk, mat og vin. I tillegg har festivalen ofte historiske og litterære føredrag.

Levekårsutvalet i Ulstein kommune har no vedteke å løyve 15 000 kroner til festivalen. Dei ser på festivalen som eit viktig element i kulturlivet i Ulstein.

For 2015 har Fadofestivalen signert kontrakt med Carolina, Ricardo Ribeiro og Filipa Carduso. Eit ensemble på åtte personar gjennom fem konsertar.

Levekårsutvalet har ein pott på 135 000 kroner dei vil løyve til slike føremål. Kva dei vil gjere med dei andre 120 000 kronene vil dei sjå på ved eit seinare høve.