Fredag 30. januar var det premierefest for den nye barne-tv serien Marit og dyra. Serien handlar om Marit som bur på besøksgarden Hakallegarden i Vanylven.

Hovudpersonen heiter Marit Krakset og er seks år. Tv-teamet var med henne 27 dagar frå februar til november 2014.

Mor til Marit, Aina Krakset, seier ho gledar seg til at folk skal få sjå serien.

- Det at folk får oppleve dagleglivet på ein gard er flott, seier Krakset som set særleg pris på at dette er dokumentarisk fjernsyn som viser livet på garden slik det er.

- Alt blir så naturleg og ekte, sjølv eg som bur her opplever det som no vert vist på fjernsyn som ekte, seier ho.

Som skapt for barne-TV

Programskapar Eva Westvik seier serien vart til fordi garden er som skapt for barne-tv.

- Fargane, alle dei ulike dyra og naturen, er kulissar finare enn dei klarar å skape med millionar i Hollywood, seier ho men legg til at sjølv om det er fint på Hakallegarden er likevel ikkje den viktigaste grunnen til at Marit og dyra vart til.

- Grunnen er Marit sjølv og foreldra, Aina og Olav. Dei to er to foreldre som som ikkje skjuler realitetane i livet for dottera si. Dei lærer Marit at dyra ikkje er levande kosebamsar. Dei lar henne få kjenne den enorme gleda når dyr blir fødde og dei skåner henne ikkje for sorga og fortvilinga når dyr døyr naturleg eller den dagen dei bestemmer kva for nokre dyr som skal til slakteriet for å bli mat, fortel Westvik.

Ho  strekar under at for NRK Sogn og Fjordane er det nettopp spennande at serien kan vise ungar over heile landet samanhengen mellom  livet på ein gard og maten i kjøleskapet.

Serien har premiere førstkomande tysdag, 3. februar klokka 1825 på NRK Super, og vil gå kvar tysdag i åtte veker.