Onsdag var det premiere på dei nasjonale sentera sin film om heilskapleg læring i barnehagen, som blei filma i Gnist Barnehager Holstad på Hareid.

– Dette er stor stas for oss, seier barnehageleiar Elisabeth Warpe.

Det var spente born som fekk sjå tre kortfilmar laga av Snöball film for dei nasjonale sentera, på oppdrag frå Udir (Utdanningsdirektoratet). Somme av dei var også delaktige i filmane. Så det var nok fleire av borna som følte seg som filmstjerner der dei smilande og spente følgde med på filmane.

– Dette blei ein skikkeleg flott premierefest, med eplejuice og popkorn til borna. Eg trur også det var fleire som såg seg sjølve i filmen, seier barnehageleiar Elisabeth Warpe til Vikebladet Vestposten.

Innspelinga blei gjort i oktober, og gjekk over tre dagar.

Lik Vikebladet.no på Facebook

– Vi fekk tips om at barnehagen her på Hareid dreiv godt, og at ein her kunne få fram gode eksempel på heilskapleg læring. Barnehagen organiserte det på ein framifrå måte. Vi fekk vist fram alle situasjonane vi ynskte å ha med i filmen. Det var ein veldig bra jobb av dei tilsette i Gnist Barnehager Holstad, fortel Liv Kristin Bjørlykke Øvereng. Ho og Arild Torvund Olsen representerte Nynorsksenteret, som viste fram filmane for borna og dei tilsette.

– Godt samarbeid

Gjennom filmane vil dei nasjonale sentera vise heilskapleg læring i barnehagen, eller samanhengane på tvers av fagområda i rammeplanen.

– Dei nasjonale sentera har kvar sine fagområde og ein viktig del av sentera sin jobb er å hjelpe barnehagane med å stimulere og utvikle det pedagogiske arbeidet. Dei nasjonale sentera har eit godt samarbeid, og for oss er det viktig å gi ein smakebit av fagområda til sentera. På sida barnehagefilm.no kan ein sjå filmane og finne fram til opplegg og fagstoff dei nasjonale sentera har laga for å hjelpe barnehagane i dette arbeidet. Dette er laga slik at dei tilsette i barnehagen kan gå inn på nettsidene og få meir inspirasjon, kunnskap og idear, fortel Bjørlykke Øvereng frå Nynorsksenteret.

Dei nasjonale sentera er:

Lesesenteret, Skrivesenteret, Nynorsksenteret, Matematikksenteret, Læringsmiljøsenteret, Framandspråksenteret, Folkehelsesenteret, Senter for fleirkulturell opplæring, Senter for kunst og kultur og IKT-senteret.

Her kan du sjå dei tre filmane