«Jarle Bernhoft, for ein mann! Betre konsertopplevelse skal man leite lenge etter».

Sitatet er henta frå ein av Facebook-statusane som var å lese etter torsdagens konsert på Sjøborg kulturhus med artist og multiinstrumentalist Jarle Bernhoft.

Sitateigar er kvinne og dei var i fleirtal i eit nær fullsett kulturhus. Men sjølv om kvinnene var i overtal og ga mest lyd frå seg under konserten, så betyr ikkje det at den mannlege delen av publikum var mindre entusiastiske.

Inspirasjon

- For eit multitalent! Eg kosa meg, seier Jonny Rabben.

Han var tidleg ute med å kjøpe billettar og hadde saman med sonen Håkon orkesterplass midt på fremste rad.

Bernhoft har spelt på Sjøborg tidlegare, men dette var første konserten for far og son Rabben.

-Det var kjempebra, seier Håkon.

16-åringen driver sjølv med musikk. Laurdag skal han på Sjøborg-scena under Ungdommens kulturmønstring (UKM) for Ulstein og Hareid der han stiller som trommis i eit band.

-Bernhoft er utan tvil ein musikalsk inspirasjon, held Håkon fram.

-Heile spekteret

Sia gjennombrotet med albumet «Solidarity Breaks» har Jarle Bernhoft vorte hylla som den multiartisten han er. I 2011 fekk han prisen som beste mannlege artist og vart også «Årets Spellemann» same år. Nyleg var Bernhoft som første ikkje-amerikanar nokon gong valt ut av amerikanske musikbransjefolk til å kjempe om årets R&B-statuett med sitt album «Islander».

Og torsdag stod han på scena på Sjøborg. 38-åringen frå Nittedal, busett i New York, tok med seg ei heil verd av kjensler under sitt dryge halvannan time lange show.

For det kan trygt kallast show når Bernhoft inntek scena som han aldri har gjort noko anna før. Som perler på ei snor ga han publikum smakebitar av hans varierte repertoar.

-Han byr på heile spekteret, og det er det som gjer konserten fantastisk bra, meiner Jonny Rabben.

Raust publikum

Kultursjef Leif Ringstad gleda seg over at publikum kosa seg.

-Gode tilbakemeldingar frå publikum er alltid kjekt, kommenterer han.

Og kva med hovudpersonen sjølv? Korleis opplevde Jarle Bernhoft å spele for sunnmøringane på Sjøborg?

- Det var kjempestas! Eit raust publikum, seier artisten, som fekk både applaus, trampeklapp, hyl smil og latter frå publikum.

Jonny og Håkon Rabben var mellom publikum som kosa seg på konsert. Det gler kultursjef Leif Ringstad (t.h.) Foto: Mobilfoto Marie Flatin