Kulturkontoret i Ulstein kommune er i god gang med førebuingane av Smak av Ulstein 2015. Der blir ei god blanding av lokale aktørar og nasjonale artistar. Mangfaldet er stort, frå Latter på Sjøborg kulturhus til mannskorkonsert i Ulstein kyrkje. Det blir tivoli på Rolls-Royce og Rådhusplassen. Scene på Kulturallmenningen og buer og aktivitetar i sentrum.

Latter på laurdagskvelden

Laurdagskvelden blir det Latter Live. Då kjem noko av det beste frå Stand Up Norge. Publikum får sjå og oppleve Sigrid Bonde Tusvik, Zahid Ali og Henrik Thodesen live i Ulsteinvik.

Lokale med nasjonale stjerner

Kulturkontoret i Ulstein har gode erfaringar med å kople lokale aktørar med nasjonale stjerner. Under Smak av Ulstein skal Ulstein storband ha konsert med gjestesolist.

Hæmingen Blandakor skal ha konsert med Ola Bremnes.

Torsdagskvelden blir det konsert/show med Stian Blipp. Kultursjef Leif Ringstad fortel at konseptet ikkje er fastspikra, men Blipp skal vere konferansier og entertainer, så skal lokale ungdomar syngje og danse.

- Det blir kjempegøy. Han i perlehumør med sine innslag og lokale ungdomar, varslar Ringstad.

Meir på programmet

Onsdag blir det kulturskulekonsert på Sjøborg.

Torsdagskvelden blir det litteraturkveld og forfattarbesøk med Edvard Hoem.

Fredagskvelden blir det trylleshow. Og desse dagane blir det lovsongkveld på Sjøborg.

Det blir også familiedag på Borgarøya med sporløp, grilling, historier og musikk.

Liv og røre i sentrum

Kulturkontoret vil gjere sitt beste for å skape liv og røre i sentrum. Fredag og laurdag blir det opa scene på kulturallmenningen.

I sentrum blir det minibinge og fotballturnering. Det blir fiskekonkurranse på kommunekaia.

Laurdag blir det ordførarduell både verbalt og «til sjøs».

- Der stiller alle førstekandidatane til partia. Det blir først ein runde på scenen, før det blir rokonkurranse i hamnebassenget, røper Ringstad.

Det er kulturkontoret i Ulstein kommune som arrangerer Smak av Ulstein, i samarbeid med Frivilligsentralen og Ungdomsklubben.

- Så vil me gjerne ha med engasjement frå butikkar og etestader for å skape liv og røre i sentrum, avrundar Ringstad til Vikebladet Vestposten.