Kafeen Mjøl & Meir kom som eit friskt pust då den blei opna i Ulsteinvik sentrum i slutten av 2013. Inkluderingsverksemda Ulshav tok med etableringa av kafeen nye skritt for å satse på sosialt entreprenørskap innanfor baking og kaffi, for å inkludere stadig fleire menneske i arbeidslivet, i eit utdanningsløp eller rett og slett i samfunnet.

No har Mjøl & Meir vunne Ulstein mållag sin målpris for 2015, for det kledelege og fengjande namnet sitt.

Språkleg føredøme

I mållaget si grunngjeving, forfatta av Arild Torvund Olsen, står det:

- Mjøl & Meir får målprisen 2015 av Ulstein mållag for namnet sitt. Medan kafear tidlegare gjerne tok engelske namn i ein freistnad på å høyrast moderne ut, har Mjøl & Meir greidd å finna eit høgst moderne, nynorsk namn som både er rotfest og originalt på same tid. Tydelege nynorskformer er med på å skapa tilknyting til lokalsamfunnet, utan at det vert klisjefullt eller attendeskodande. Namnet seier noko om kven dei er og kva dei gjer, samstundes med at det vekkjer undring og interesse. Mjøl & Meir er eit namn som kan stå som språkleg føredøme for andre verksemder.

Det er Runa Klock, ein designer som held til i Oslo, som saman med Ulshav har funne fram til namnet, som no har gitt verksemda den gjeve språkprisen.

- Takksame for prisen

Dei tilsette i Ulshav, som driv Mjøl & Meir, fortel at dei er særs takksame for prisen.

- Det er stor stas å få denne prisen, og vi er særs takksame for den. Vi meiner det er viktig å halde på dialekta, og skriftspråket, seier arbeidsleiarane Julie Ulstein og Veronika Johansen Grønmyr til Vikebladet Vestposten.