Kvar laurdag finn nærare 60 ungdomar vegen til gamle Bigset skule. Ungdomsklubben har blitt ein suksess.

Laurdag kveld stakk Vikebladet Vestposten innom ungdomsklubben på Bigset. Inn på parkeringsplassen rulla det stadig inn nye bilar med foreldre som sleppte av ungdomane sine.

- Eg er overtydd om at det er ein fordel av ungdomsklubben ligg på Bigset - og ikkje i sentrum. Her er det ikkje noko anna som dei kan oppsøkje, kommenterer Ingunn Pettersen.

Medlemstalet aukar

Ho er vaksenleiar for ungdomsklubben, som vart starta av foreldre i Bigset krins hausten 2013.

Stadig fleire ungdomar sluttar seg til samlingsstaden på Bigset, og ein stad mellom 40-60 ungdomar i aldersgruppa frå 13 år og oppover brukar laurdagskveldane der. Dei kjem frå Bigset, Brandal, Hjørungavåg, Hareid sentrum - og Ulsteinvik. Den gamle skulen ligg sentralt til langs hovudferdselsåra.

Klubben disponerer tre rom på skulen. I det største er det kiosksal, bord, stolar og sofaer som ungdomane kan slappe av i. Eit anna har biljardbord,  bordtennis, scene, discogolv og laserlys. I det tredje kan dei trekke seg litt meir tilbake, viss dei ønskjer ro. Opningstida er frå 20.00 til 23.30.

- Eg har aldri, eg understrekar aldri, opplevd at nokon har kome her rusa. Det har ikkje vore noko problem med ungdomane hittil. Politiet er av og til innom, og dei skryt av ungdomen og plassen, fortel Pettersen.

Har blitt eit hjartebarn

Til dagleg er ho lærar ved Herøy vidaregåande skule, og har tre barn. Og sjølv om ho har eit hektisk liv, er ho på plass i klubblokalet nesten kvar laurdag.

- Klubben har blitt eit hjartebarn for meg, forklarer ho.

- Her er kjekt å vere, og vi er her nesten kvar laurdag. Vi gammar, pratar og går rundt og pratar med folk, fortel Pauline Øvrelid og Monica Teige, som bur i Geilane på Hareid.

For nokre veker sidan vart Bigset ungdomsklubb tildelt Ungdomskulturprisen for Hareid 2014. Prisen er på 10.000 kroner, og både Pettersen og ungdomane meiner pengane vil kome godt med.