Dimna grendahus var torsdag kveld fullsett av forventningsfulle publikummarar framfor premieren på årets Dimnarevy; «Med KORRsett og hoseband».

Diverre ser det ikkje ut til at Vikebladet Vestposten har vore til særleg hjelp når det gjeld å skaffe tilfang til denne framsyninga, i alle fall ikkje om ein skal døme etter den tynne utgåva av lokalavisa som vart presentert innleiingsvis.

Vi trur nok at revymakarane kan ha funne litt i spaltene våre likevel.

Det var nemleg eit temmeleg mangslungent univers dei kunne presentere. Litt frå det nasjonale plan, men det meste var – slik seg hør og bør – henta frå lokalmiljøet.

Her fekk vi mellom anna vere med på bygdeyoga med innleigd vikar, ei skildring av ei turbulent reise langs den nye Sjøgata der «ein statutt klamrar seg til ripa» midt i ei rundkøyring og vi fekk vite kva gamlepresten styrer med etter at han vart pensjonist.

Publikum fekk også vere med ein tur på strikkeklubb i Herøy, der praten gjekk om korleis dei steller seg oppi Vik:

– Dei e` no so fine på de`. Ska` ha alt so vi he`.

Andre delen opna med mannskorsong. Til tonane frå «Tidt eg minnest ein gammal gard» fekk publikum høyre ei glitrande tekst om kva som no putrar og boblar av økologisk brygg på hi sida av Eidet.

Vi fekk vere med to tilårskomne «tindekvinner» heilt til topps og i sketsjen «Endeleg helg» fekk vi viste at fasaden er viktig – også på campingplassen.

Gamle Høddvoll fekk sin takkesong og mange fekk nok både tårer i augo og klump i halsen under dette innslaget.

Kongane frå dei tre historiske spela her omkring sette kvarandre i stemne for å skape eitt robust sogespel, men kven som til slutt gjekk av med sigeren kom nok kanskje som ei overrasking på mange.

Nordled og Ullensvang fekk unngjelde, noko som vel er uunngåeleg i desse ferjetider.

Dette er amatørrevy av godt merke. Sjølv om ikkje alle tekstane sit like godt og regien til tider flyt litt ut, så tek aktørane det att med stor sjarme og speleglede. Det skadar heller ikkje at Dimnarevyen stiller med levande orkester.

Då er det berre å gle seg til neste revy om to år.