Vinnaren frå 2013- Foto: Guro Kvammen

Er du mellom 16 og 20 år og glad i å skrive? Då kan du la deg inspirere av ordtaket "Ein får tru det ein vil" til å skrive ei novelle. Her er både pengepremie og heider og ære å hente i ein skrivekonkurranse der vinnaren blir kåra under Dei nynorske festspela 25. juni.

– Ordtaket «Ein får tru det ein vil» kan tolkast på ulike måtar og eg trur det kan kome mykje spennande ut av det, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet.

Det er tredje året Dei nynorske festspela og Sunnmørsposten samarbeider om ein skrivekonkurranse for ungdom og deltakinga har vore god dei andre åra. I år er sjangeren novelle og temaet er inspirert av eit ordtak etter Ivar Aasen. Teksten skal vere på nynorsk, men innhaldet bestemmer du heilt sjølv.

Dei tre beste tekstane kjem på trykk i Sunnmørsposten. Ein jury kårar vinnaren, som i tillegg får 5 000 kroner, og blir avslørt på eit eige arrangement under Dei nynorske festspela fredag 26. juni.

– I år er forfattar Bjørn Sortland juryleiar og skriveglad ungdom har no sjansen til å få tekstane sine vurdert av ein profesjonell forfattar, seier Widerøe.

I juryen har Sortland med seg ein representant for Sunnmørsposten og ein frå Aasen-tunet.

Ungdom frå 16 til 20 år kan delta i konkurransen og innleveringsfristen er 15. juni. Du sender bidraget ditt inn til admin@aasentunet.no eller via festspela.no. Alle bidraga blir anonymiserte for medlemmene i juryen.