2. og 3. juli er det klart for Skjemtegaukfestival på Sjøborg igjen. Festivalen er den tolvte i rekka, og har vorte arrangert kvart år sidan 2004.

Arrangørane har i år fått med seg ni komikarar. I følgje ei pressemelding er dette ei herleg blanding mellom erfarne folk som Joachim Skage, André Ulveseter og Janne Rønningen, lokale krefter som Roger Sundgot og unge og svært lovande komikarar som Sjur Koppen, Pål Rønelv, Erlend Osnes, Ronny Torsteinsen og Jan Tore Kristoffersen.

Dei to brørne Åge André og Geir Sindre Breivik er heilt sentale i Skjemtegaukfestival en og dei hevdar at mellom norske standupkomikarar vert Skjemtegauk sett på som ein festivalcamp, der komikarane får oppleve Ulsteinvik frå si beste side, ei sommarhelg kvart år.

- Vi prøver kvart år å legge oss på ei blanding mellom etablerte og kjende namn, og samstundes vere eit springbrett for folk som er på veg i full fart oppover på den norske humorhimmlen, seier Breivik-brørne som meiner at festivalen er ein arena der ein absolutt kan oppleve komikarar i startgropa av sine karrierer, og om 5-6 år seie: "Han/ho såg eg før dei vart kjende for alvor."

Mellom dei som har gjesta Ulsteinvik og Skjemtegaukfestivalen finn vi namn som Else Kåss Furuseth, Henrik Thodesen og Stian Blipp.

Stian Blipp vart årets Skjemtegauk