Dei åtte bileta til Cecilie Hatlø er vald ut som norsk vinnar i den europeiske fotokonkurransen. Temaet for konkurransen er familie.

Leiaren av den norske juryen, Toralf Sandåker, rosar bileta til Hatløy for å vere proffe, flotte og godt handverk. – Bileta har fin stemning, det er veldig skikkeleg gjort, kommenterte han til Smp.no.

Vanlege kundefotografi

Den etablerte babyfotografen på Dimna tek også ein del familiebilete.

– Det som er litt stas er at dette ikkje er arrangerte bilete, men vanlege kundebilete som her blir premiert, fortel Hatløy til Vikebladet Vestposten. Dette gjev anerkjenning til bileta kundane hennar tek.

Ingen av dei fire familiane ho har teke fotografi av her er frå Hareid eller Ulstein, men dei er frå Sunnmøre.

Hatløy er ikkje sikker på når ho får vite om ho har gått vidare i den internasjonale konkurransen, men i august blir det offentleggjort kven som er dei tre beste fotografane. Dei skal reise til Berlin 4. september, der det blir kåra ein vinnar.