I mai vart Robert Botn frå Tønsberg tilsett for å satse meir på barne- og ungdomsarbeid, og få i gang tiltak for å for å få til eit enda meir aktivt miljø på biblioteket.

Eit av desse opplegga kan ein allereie få erfare under Opplev Hareid neste helg – dersom ein tør, vel og merke!

Fredag skal Botn nemleg fortelje ei grøssarhistoria som heiter «Hanna», og er basert på ein kortfilm som han sjølv forfatta manuset til for nokre år sidan.

– Eg skal då gi att handlinga i ei forteljarstund. Eg håper å skape litt grøssarstemning for dei mellomstore borna, opplyser 32-åringen.

For å skape meir spaning i forteljinga kjem den nytilsette bibbliotekmedarbeidaren til å drage på seg ein karakter som er knytt til ein av karakterane i historia, slik at det nesten blir ei førstehandsoppleving.

Likar å bli skremt

Sjølv om Botn kjem frå Vestfold, bur han no i Ålesund saman med kona og dottera på to år og pendlar til Hareid.

Før han vart vaksen og slo seg til ro, hugsar han godt at grøsserhistoriar var noko av det beste han visste. Det var mykje av grunnen til at biblioteket arrangerer grøssarstunda neste fredag.

– Mykje av det eg skriv er i den sjangeren, så for meg fell det naturleg. Då eg var yngre så synest eg det var ganske gøy å bli skremt av grøssarar. Barn og unge likar å bli skremt, dei likar det vesle «rushet» med ei spanande og skummel forteljing, påpeikar Botn.

– Eg elska den kjensla av å bli skremt då eg var litt yngre, og motivasjonen min for å gjere dette er å gi den kjensla vidare til barn i dag, seier han.

Bokserie

Botn har sjølv gitt ut boka «Nidingøye», som er den første delen av serien Tobi Takina. Ifølgje Botn er hovudkarakteren laust basert på seg sjølv då han var 13 år.

Bokserien skulle kome ut som trilogi, men etter den første boka vil resten av verket kome ut som ei føljetong på om lag 10–12 delar på 80 sider.

– Målet er å gi ut éin del kvar, eller i alle fall annakvar, månad. Mykje av det er ferdigskrive, men det må berre å redigere og gjere det klart til utgiving.

– Den første boka sluttar ganske brått, men byrjinga på neste bok tek opp att tråden der den første slutta. Så eg håper jo at folk er spente på fortsetjinga, smiler Botn.