– Dette er den gjevaste prisen. Det blir ikkje større, seier Årets Skjemtegauk, André Ulveseter til Vikebladet Vestposten. Han var sist ut under årets festival på Sjøborg kulturhus, og tok med seg publikumsprisen. Han har eit nært forhold til Ulsteinvik.

– Rundkjøringar, statuer og fontene. Det har blitt så fint her sidan sist, seier han.

Det er fjerde gongen han står på scena under Skjemtegaukfestivalen, i tillegg til fleire opptredenar på Kaffebaren. Han kjem tilbake til Ulsteinvik i august.

– Eg får fortsatt frysningar kvar gong eg køyrer forbi Høddvoll, seier bergensaren som er bosatt i Ålesund, og hintar til semifinalen mellom Hødd og Brann i cupen i 2012. Brann tapte som kjent kampen 3-1, og Hødd gjekk vidare til å vinne kongepokalen.

– Det var berre éin gong det blei ropt Brann, og det var når det skuret sto i full fyr, sa han frå scena.

Showet

Kvelden starta med Janne Rønningen, som var årets konferansier. Ho lot det gå ut over første rad, som seg hør og bør på eit stand up-show.

– Ser ut som ein liten swingersklubb, sa ho frå scenekanten.

Ho hevda også at ho budde i ei campingvogn ute på Dimna saman med resten av komikarane som opptrådde på årets festival. Det verka å ha sine fordelar og ulemper for konferansieren. Ho hadde fleire vitsar som tok utgangspunkt i lokalmiljøet, noko som publikum satte pris på.

Eit stykke ut i programmet, kom Ronny Torsteinsen på scena. Han verka å ha god kontroll på publikum, der dei før hadde vore litt vanskelege å få sveiva i gong. Det resulterte i fleire latterbrøl frå publikum.

Men den som verkeleg traff publikum, var André Ulveseter, som blei stemt fram til Årets Skjemtegauk.

Godt nøgde

Åge André Breivik, som saman med sin bror, Geir Sindre Breivik, arrangerer festivalen på heimebane for 12. gong, seier at dei er godt nøgde med besøkstala.

– I kveld er det enda fleire enn det var i går, så dette er stor stas, seier han.