For 2. året på rad er det internasjonal indiepopfestival i den vesle bygda Bjørke ved Hjørundfjorden. Helga 11. og 12. juli vert det storinnrykk av både musikantar og gjestar frå heile verda til fjorden.

- Den første Indiefjord-festivalen som gjekk av stabelen var i 2014 skulle vere eit eingongsprosjekt der ein samla venner frå inn- og utland. Det skulle vise seg at det vart så stor etterspørsel etter ein festival også i 2015 at det berre var ein ting å gjere; arrangere Indiefjord igjen. Og kanskje har dette no vorte ein årviss tradisjon, seier Silja Haddal Mork som saman med systera Ingvild og resten av familien Haddal/Mork som består av Elin-Grethe, Ivar og John er initiativtakarar til Indiefjord - i samarbeid med lokale medhjelparar.

- For dei som er nyfikne på kva indiepop er, er det musikk som kan minne om 60-talspop som til dømes Mamas and the Papas, Beach Boys, ja til og med Bob Dylan. I Skandinavia har vi blant anna First Aid Kit og Highasakite som døme på velkjende indiepopband, forklarer SIlja.

Pop og vennskap

Ho fortel vidare at Indiefjord er ein festival der melodisk pop og nye og gamle vennskap står i sentrum.

- Vi har som slagord: ”Bringing indiepop to the fjords”. Og nett det er målet: Å ta med musikken og menneska vi har blitt kjent med ute i verda tilbake til røtene på Bjørke. Og å vise desse menneska dei lokale tradisjonane, naturen og alt det fantastiske området ved Hjørundfjorden har å by på, seier ho.

Under festivalen samlast folk i alle aldrar frå både Sunnmøre og andre delar av Norge, England, Sverige, Tyskland, Australia, Canada, Hong Kong og USA. Ja, kven veit kva land som vert representerte i år? Bandet The Smittens frå USA legg Europaturnéen om Bjørke, det same gjer The School frå Wales og andre av banda frå Storbritannia.

- I år er vi så heldige å få med oss dei anerkjente lokale artistane Stig Ulv og Egil Olsen – og også Ida Glomnes, Skóg og Torkjel Bruland Lavoll som kjem frå, eller bur i traktene våre, opplyser Silja Haddal Mork.

Laurdagskonserten i Notanaustet er gratis også for dei utan festivalbillett, med amerikanske Let’s Whisper og før nemnde Ida Glomnes og Torkjel Bruland Lavoll. I Bakketunet er det Stig Ulv og skotske The Just Joans som speler søndagen. På kveldstid vert det konsertar både laurdag og søndag. Under kveldskonsertane vert det matservering frå Indiekokkane Thor Erik Andersen og Eirik Strandabø.

Elles hender det mykje på Bjørke denne helga, blant anna open gard med hesteriding/køyring (Hos Maria), ølsmaking med Grim & Gryt (Bakketunet), tur til Tussafossen med historier frå Ivar Mork, handverksstandar med Bertha Saure, Lappelina og Sykris, Postkjellaren Tekstil & Nostalgi vert open, Retrosalongen og Bakketunet har godt å bite i, utstillingar og god stemning. Også Galleri Bukke-Jo og Morks Antikk vert ope.

- Og vi må ikkje gløyme fjorårets favoritt: Kaffibaren Indie Coffee Camp nede i fjøra, der ein også kan spele ukulele eller gitar for dei andre gjestane, tipsar Haddal Mork.

Overvelda britar

Eitt av banda som spelte i fjor, britiske Haiku Salut, har til og med basert heile sitt nye album (”Etch and Etch Deep”) på besøket til Bjørke. Sophie Barkerwood i bandet seier: ”Vi reiste til Norge i fjor for å spele ein konsert, der alt var litt overveldande og gjorde oss audmjuke. Eg trur det var fjella som gav oss denne kjensla. Menneska som budde i den vesle bygda hadde enorm respekt for landskapet, véret og naturen, og dette var noko vi aldri hadde tenkt over før. Besøket endra korleis vi ser på verda, og ei kjensla av å klare seg følgde med. Det er ingen som styrer over framtida di, det er du som tek ansvaret for ditt eige liv. Du skaper di eiga meining.”

- Vi håper og trur at det vert ei kjekk helg også i år, og at fleire band og gjestar kan hente inspirasjon og gode minner frå favorittbygda vår ved fjorden, seier Silja Haddal Mork og ønskjer velkomen til Bjørke.

Slagordet til festivalen er "Bringing indiepop to the fjords" Foto: Indiefjord.