– Stemninga er fantastisk bra! Dei er engasjerte, glade og inspirerte, og eg trur dei opplever at dei høyrer til eit trygt og godt fellesskap, strålte prosjektleiar for Ten Sing-seminar 2015, Tora Bjørnøy Lalim.

Lokalavisa møtte 26-åringen medan ungdommane som deltek på seminaret heldt på med eit show ved Sunnmøre Folkehøgskule onsdag kveld, der dei skulle lage eigne kreative reklamesketsjar og så vise fram desse sketsjane på «Gullfisken». Aldersspennet på deltakarane varierer frå 13–18 år.

– Dei er engasjerte, glade og inspirerte, og eg trur dei opplever at dei høyrer til eit trygt og godt fellesskap, seier ho.

Undervisning

I løpet av veka vil dei 150 deltakarane få undervisning i ulike spesialgrupper, som til dømes dans, drama, konsertproduksjon, styrearbeid og leiing.

– Dei får mykje undervisning i mellom anna kor, korleis ein skal drive Ten Sing-arbeid og KFUK-KFUM-arbeid, og så får dei ein del undervisning i ulike tema, som tek utgangspunkt i KFUK-KFUM sine verdiar. Dei har også fokusgrupper, gangtimar, som vi kallar det, og diskuterer store og små spørsmål, forklarar Lalim

Ein av deltakarane på dette seminaret er Torunn Skaug. Ho er 14 år og kjem frå Trondheim.

– Eg skal lære meg å bli ein så god dirigent som mogleg på Direksjon 1, som er eitt av seminara her, seier Skaug, og legg til at ho har hatt det veldig kjekt så langt på seminaret.

– Det er veldig artig, fordi ein møter andre som er engasjerte i akkurat det same som du er. Då får ein, sjølv om ein ikkje kjenner dei, ein stor vennegjeng, påpeikar dirigentspiren.

Avsluttar med konsert

Høgdepunkta denne veka for Skaug, er i hovudsak to ting:

– Det første er gudstenesta på Flø. Eg har høyrt at denne type gudsteneste er veldig bra, og vi skal jo ned på ei strand. Då det trur eg blir fint. Og så er det konserten den siste dagen. Det er jo det vi har jobba med heile veka, seier ho spent.

– Kva trur du om avslutningskonserten då, Tora?

– Det trur eg, nei, det veit eg blir fantastisk! Det blir ein stor konsert med mange felleslåtar med eit kor på 150 ungdomar, samtidig som teknikk skal ut i elden ved å setje opp anlegg. Direksjon skal dirigere, dansegruppa skal danse, og alle skal bidra til å lage ein konsert, som alle er velkomne til å kome på, avsluttar Lalim.

OBS: Om biletserien ikkje fungerer første gong, prøv å oppdater sida!