Kammermusikk vert gjerne framført i mindre lokale der den nære kontakten mellom musikarane og publikum kan føre til heilt spesielle musikalske opplevingar.

– Fredheim i Ulsteinvik er eit ypparleg lokale for kammermusikk og konsertane der har vore magiske. Eg har hatt mange store opplevingar der, seier musikkelskar Oddbjørn Nes frå Volda.

Sunnmøre kammermusikkfestival har som mål å gje publikum i regionen kammermusikk av høg internasjonal klasse. Festivalen arrangerer konsertar i ulike lokale i Fosnavåg, Ulsteinvik, Ørsta og Volda.

Musikk for små rom

Omgrepet kammermusikk vart først brukt om musikk som vart framførd ved hoffa. I barokken vart omgrepet utviklet og avgrens til berre å omfatte rein instrumentalmusikk arrangert for små orkester. Kammerorkesteret og -verka har namn etter kor mange musikarar som er med. Ein snakkar gjerne om ein duett, trio, kvartett, kvintett, sekstett, septett, oktett og nonett osv. Instrumentsamansettinga kan variere, men ein har sjeldan meir enn ti musikarar. Den mest vanlige forma er strykekvartetten med to fiolinar, bratsj og cello.

Årets konsert på Fredheim

Fredag 4. september arrangerer Sunnmøre kammermusikkfestival konsert på Fredheim igjen. På programmet står fiolinsonate nr. 2 av Nielsen, Terszetto av Dvořak og pianokvartett nr. 1 av Fauré. Utøvarane er ein fin miks av norske og utanlandske musikarar av høg klasse: den franske pianisten Julien Quentin, fiolinisten Annar Follesø, fiolinisten Guro Kleven Hagen, den tyske bratsjisten Barbara Buntrock og cellisten Torun Sæter Stavseng.