I kveld (fredag) opnar ei utstilling med kunstnaren Giorgio Griffa i Bergen Kunsthall. Utstillinga har fått tittelen "Painting into the Fold".

På opninga speler elektronikaartisten Andreas Kleven Rasmussen frå Ulsteinvik, også kjent som DJ Pandreas. Rasmussen studerer juss i Bergen, men gjer det også bra som musikar. Han har spelt på fleire scener i Bergen, i tillegg til festivalar som Slottsfjell, Go With the Flø og Roskilde.

Pandreas fortel til Vikebladet Vestposten at han held på å ferdigstille mykje ny musikk han har laga siste året.

– Det er greitt å få vere DJ for å teste ut den nye musikken, seier han.