Kinosjef Kristine Brungot kan opplyse om at "Bølgen" har hatt ei fantastisk opning på Sjøborg kino. Filmen har vore vist for heile 11 fulle salar. Dette er ein film publikum likar og som dei snakkar om.

Det vart sett opp framsyningar kvar dag denne veka også, bortsett frå torsdag. Men no blir det ekstraframsyningar både onsdag og torsdag. Kinosjefen varslar at Sjøborg kino vil vise filmen så lenge folk vil sjå han, og det blir vel ei stund? Kanskje blir det ny publikumsrekord på Sjøborg?