Laurdag 24. november startar TV2 opp sin fjerde sesong med “Det store korslaget”.

Fem artistar samlar kvart sitt kor av syngjande menneske frå heimbyen sin. Guri Schanke stiller med eit kor frå Oslo, Steinar Albrigtsen med eit kor frå Hammerfest, Saroea frå bandet Datarock med eit kor frå Bergen, Lise Karlsnes har med eit kor frå Tønsberg og Sigvart Dagsland stiller med eit kor frå Stavanger.

Premien er ein sum med pengar som koret gjev vidare til ein kulturorganisasjon/-tiltak i heimbyen.

Syng solo

Rak Marie Hatløy skriv på Facebook-gruppa til Eiksund at ho skal syngje i koret til Guri Schanke. I første program skal ho syngje solo, noko ho er kjempespent på.

Me som har høyrt Rak Marie tidlegare veit at ho har ei flott røyst og kjenner oss trygge på at det går bra. Ho har tidlegare opptredd på fleire konsertar i Ulsteinvik og Eiksund, ho har vore med på BandCamp, Ungdomens kulturmønstring og Julenattine.

No bur ho i Oslo der ho studerer ved Diakonhjemmet Høgskole.