Pelagos er ein internasjonal kampanjeorganisasjon som jobbar for å fremme interessa for havet og ei bærekraftig utvikling, og filmfestivalen er kjent for å tiltrekke seg det beste av filmar om hav og kyst frå heile verda.

- Det er ikkje enkelt å konkurrere med filmar med store budsjett og som filmar alt i krystallklare og tropiske farvatn der det er lettare å få gode bilete, forklarer Are.

- Det var fleire svært påkosta filmar frå USA og Europa med i konkurransen. Såleis var det ekstra kjekt at dei valte ”Havets Sølv” til 1. prisen for Beste Film ved festivalen.

Filmen om sildevandringa langs norskekysten har tydelegvis gjort inntrykk på juryen.

Festivalsjefen kunne etter prisutdelinga fortelje Are at juryen hadde valt å vektlegge den gode historia, lidenskapen i måten historia vart fortalt på og dei unike bileta under vanskelege opptaksforhold.

Juryens offisielle grunngjeving:

For originaliteten av historia og lokasjonen, og for moglegheita til å involvere sjåaren i eit aktuelt og svært viktig miljøproblem.

Havets Sølv fekk også ein spesialpris frå Italias kystvakt under festivalen. Denne prisen vart gitt for evna til å lykkast under ekstreme forhold.

Filmen har sidan den vart vist på NRK i mars 2012 fått fleire nasjonale og internasjonale utmerkingar. Havets Sølv har med anna blitt nominert til Amanda, og i fjor haust vant filmen prisen for beste norske kortdokumentarfilm ved Bergen Internasjonale Filmfestival. Internasjonalt har den tidlegare også vunne ein samla pris frå alle undervassfilmfestivalane i Europa.

- Det er stor stas at naturfenomenet silda kan begeistre, ikkje berre her heime, men også ute i den store verda, avsluttar filmskaparen.