Leiinga i Herøyspelet inviterer no alle til å bli med som statistar, frivillige og publikum i samband med det ein trygt kan kalle ei spesialutgåve av det tradisjonsrike spelet.

13. april kjem TV2 til Herøy for å gjere innslag til ein ny programserie. Komikaren Truls Svendsen held på å lage ein ny fjernsynsserie, og i samband med dette skal han mellom anna prøve seg på rolla som Olav den Heilage i Herøyspelet "Kongens Ring".

– Han vil ikkje få lang tid på å sette seg inn i rolla, så dette kan bli morosamt, smiler dagleg leiari Herøyspelet, John André Nærø.

Leiinga i Herøyspelet trur det kan verte ein artig variant av det etter kvart så tradisjonsrike spelet.

– Spanande

– Dette vert ein spanande dag. Det vert fjernsynsopptak, Herøyspel, god humor, underhaldning, sal av mat og Herøyspel-effektar, mykje folk og stor stemning, trur ein entusiastisk Nærø.

Nærø fortel at dei treng både statistar, frivillige og publikum.

– Dette vert ein fantastisk dag med aktivitetar for heile familien. Unge, gamle, store og små er hjarteleg velkomne til Herøy Gard denne dagen. Det vert aktivitetar for born, kunnskapskonkurranse om Herøyspelet og mykje anna, lokkar Nærø, og legg til at han håper flest mogleg vil få med seg denne spesielle opplevinga.

– Det er sjølvsagt gratis å delta som publikum, påpeikar han og legg til at det hadde vore kjempeflott om dei greier å fylle amfiet.

– Målet vårt er å skape den same stemninga og folkelivet som ein ser om sommaren, seier Nærø.

Når det gjeld skodespelarar og statistar, vil leiinga denne gongen helst ha folk som har vore med i Herøyspelet tidlegare. Det vert nemleg ikkje så mykje tid til å øve.

Treng frivillige

Om sommaren har Herøyspelet bruk for mange frivillige, og slik er det også denne dagen.

– Vi treng frivillige av alle slag, til dømes til matsal, effektsal og kjøkenteneste. Vi treng også folk som kan hjelpe til med parkering og transport og nokre som kan ta seg av dei ulike aktivitetane. Vi er veldig takksame for alle som kan stille opp, seier Nærø, og oppmodar alle interesserte om å ta kontakt.

Den som er interessert kan gå inn på Herøyspelet si nettside for nærare informasjon.