- Vi er stolte av å kunne presentere den sterkaste samlinga av komikarar vi nokon gong har hatt her oppe. I tillegg til fleire gamle publikumsfavorittar har vi med heilt nye namn, og blant dei finn vi både etablerte komikarar og nye talent, skriv Skjemtegaukfestivalen i ei pressemelding.

Dei åtte stand-up-komikarane som skal opptre på Den Gamle Nabo 5. og 6. juli er Vidar Hodnekvam, Stian Blipp, Dag Sørås, Kevin Arnt Finesse Kildal, Linda Mahala, Jan Tore Kristoffersen, Selda Ekiz og Christoffer "Doffedutten" Dedekam Schjelderup.

Hodnekvam vart kåra til årets skjemtegauk både i 2009 og 2010. Både Blipp og Sørås er kjende frå TV-ruta. Begge deltok under Skjemtehaukfestivalen i 2011.

Kildal, Kristoffersen og Ekziz er alle med for første gong.