«Naar man tager Hensyn til alle Omstændigheder vedkommende Ivar Aasen, saa vil man vist finde, at han var en af vort Lands merkeligste Mænd, saa merkelig, at faa Lande, maaske intet andet land enn Norge, har havt en saadan Mand.», skreiv venen og teologen Johannes Belsheim om Ivar Aasen i 1901.

Sidan språkplanleggjaren, diktaren og mennesket Ivar Andreas Aasen døydde 23. september 1896, har det blitt skrive og sikkert sagt endå meir om denne mannen. Han var flogvitet som kom frå tronge kår, gjorde ei klassereise mot alle odds, og brukte livet sitt for at fedrelandet skulle få eit språk, står det ofte skrive. Men kva meir ligg der bak denne fasaden? Korleis var Aasen som person? Og korleis endra nynorsken Noreg, djupast sett?

I Noreg i dag kan vi bruke dialekten vår i mest alle samanhengar. Det er svært få land der ein kan stå på Stortinget og bruke dialekten sin utan at ein tenkjer noko vidare over det. Har vi gløymt at det var Ivar Aasen so omkalfatra heile dette rådande paradigmet i Noreg om korleis ein skulle tenkje om språk?

Den nye temautstillinga frå Ivar Aasen-tunet nærmar seg desse spørsmåla. Vi gir ordet til andre personar; det slåande sitatet er gjennomgangstonen.