Torsdag startar «Tjukkasgjengen i Ulsteinvik» opp med turar. Bilete er frå «Tjukkasgjengen i Herøy» som starta opp i vår. (Foto: Herøy Frivilligsentral)

Torsdag startar «Tjukkasgjengen i Ulsteinvik» opp med turar. Bilete er frå «Tjukkasgjengen i Herøy» som starta opp i vår. (Foto: Herøy Frivilligsentral)

Bli med i "Tjukkasgjengen"

Torsdag 22. august startar "Tjukkasgjengen i Ulsteinvik" opp med turar. Oppmøte er på Rådhusplassen

- Namnet «Tjukkasgjengen» skriv seg frå ein mann frå Moss som kalla seg tjukkas, og etterlyste turkameratar gjennom Facebook.  Mange ville bli med han på tur, og dei starta opp med tur/trimgruppe, og kalla seg for tjukkasgjengen. Nokon vil nok reagere på  namnet , for det er faktisk folk i absolutt alle fasongar som er med, fortklarer Inger Anne Dimmen i Frivilligsentralen.

Ho trur nok dei fleste tykkjer namnet er litt humoristisk.

- Men målet er å komme seg ut og vere i fysisk aktivitet og ha det moro i lag. I dag  er det tjukkasgjengar over heile landet og også i andre land, fortel Dimmen.

Ho trur at det lettare å komme seg ut, når ein veit at det står nokon å ventar på ein.

- Det sosiale er og viktig når ein går tur. Denne turgruppa skal passe for alle uansett alder og form, seier Dimmen som fortel at dei startar opp med turar tysdag og torsdag. Frivilligsentralen kjem tilbake med oversikt over kvar turane skal gå, men oppmøtet vert alltid på Rådhusplassen i Uslteinvik.

 Det er oppretta ei eiga facebookgruppe for tjukkasgjengen i Ulsteinvik, og der vil det bli lagt ut informasjon om turane.

- Det hadde vore kjekt om du vil gå på tur saman med oss, avsluttar Inger Anne Dimmen.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: