KLIKK HER FOR VIDEO

Sist haust kunne du sjå Rak Marie Hatløy i TV-programmet Det store Korslaget, der ho song i koret til Guri Schanke. No er ho med i The Voice på TV2.

– Eg er veldig sjenert, og veldig rar. Men når du først blir kjent med meg, så trur eg du likar meg sjølv om eg framleis er ganske rar. Men eg er sikkert morosam, snill og omtenksam også, seier ho til TV2.

Sidan ho drøymer om å leve av musikken sin melde ho seg på The Voice, sjølv om ho er sjenert.

For å gå vidare i konkurransen syng ho “I Will Always Love You”.

TV2 har lagt ut eit klipp frå kveldens sending. Medan Rak Marie syng vakkert seier Espen Lind (som er ein av mentorane) at nokon må snu seg.

Om nokon snur seg, så ho går vidare med songen, får du sjå om du slår på fjernsynet i kveld (fredag).