Tussa utlyste tidlegare i haust ei tevling der ulike organisasjonar kunne konkurrere om ein premiepott på tilsaman 100.000 kroner. For å vere med i tevlinga "Krafttaket" måtte laga til gjengjeld gjere ei god gjerning for lokalsamfunnet. Deretter var det om å gjere å få folk til å stemme på det tiltaket dei tykte best om. Premiepengane vert fordelt ut i frå kor mange stemmer kvart einskild lag har fått i løpet av tevlinga som starta 14. oktober.

No er tevlinga over og det laget som sit att med flest stemmer av dei 12 som deltok er trimgruppa til Bergsøy IL i Herøy. Dei fekk i alt 10.966 stemmer. Totalt er det registrert 32.116 stemmer.

Trimløype

Trimgruppa til Bergsøy IL har arbeidd med å opparbeide trimløype på Tverrfjellet og treng mellom anna pengar til å koste eit lysanlegg slik at løypa kan nyttast heile døgnet året rundt.

På andreplass finn vi Vartdalsstranda Generasjonskorps med 9.581 stemmer. Deretter Gursken skolekorps med 2.386 stemmer, Hornindal Idrettslag, friidrett med 2.108 stemmer ogVolda VTI fotball med1.782 stemmer.

Hødd Handball kom på sjette plass med 1.515 stemmer, på sjuande plass finn vi KFUM Volda volleyball med 971 stemmer og på åttande Ørsta IL Handball med 945 stemmer.

Ulsteinvik skulekorps fekk 760 stemmer, Klasse 8E, Ulsteinvik Ungdomsskole 732 stemmer, Volda Rideklubb 238 stemmer og Allidrett Ørsta 132 stemmer.

Onsdag 13. november vert representantar frå alle laga inviterte til eit arrangement i Tussa sine lokale i Dragsund. Der vert dei gjort ære på og får overrekt premien sin.