2. februar opnar vårsesongen med trekkspel, dikt og skrøner i Aasen-tunet.

Trekkspelar Linda Gytri og formidlar Dag Vanberg har leita fram nokre av dei sterkaste tekstane til Elling Vanberg i framsyninga Ellivan. Søndag 2. februar blir det feiande valsar, gode skrøner og litt alvor i Ivar Aasen-tunet. Linda Gytri kjem frå Oldedalen i Nordfjord og har mastergrad i folkemusikk. Ho har laga eigne songar heilt sidan ungdomstida, og musikken hennar er inspirert av folk og sterk natur. I den tradisjonelle folkemusikken er det springleiken som står hjartet hennar nærast

– i frisk samklang med vestlandsspringarar, rufsete balkanmusikk og finske folketonar. Gytri spelte seg til tittelen norgesmeister i varieté i ung alder, og har sidan markert seg som utøvar både i inn- og utland.

Elling Vanberg var bonde, kunstnar og forfattar i Olden inst i Nordfjord. Gjennom dikt, korttekstar og innlegg i lokalavisene var han godt kjend i Sogn og Fjordane som Ellivan. Ellivan var ein medviten språkdyrkar og kunstnar som slipte dikta sine gjennom års arbeid. Her er ikkje noko overflødig. Han las gjerne fransk grammatikk i pausane frå gardsarbeidet, men skreiv mange av dikta på oldedialekt. Den vanskelege kommunikasjonen mellom menneska og nærleiken til natur og arbeid er tema som går igjen.

Gytri står på scenen i Aasen-tunet søndag saman med Dag Vanberg og gjev publikum trekkspeltonar, tekstar av Elling Vanberg og songar etter Dag sin bestefar Ola M. Vanberg.